Skip to content

Generell informasjon

GENERELL INFORMASJON

Solvang Ferietun ligg ved Sognefjorden, rett ved Vangsnes ferjekai, 10 km. frå Vik sentrum. Her er det flott utsikt mot fjorden og fjella i kring samt opp til Fridtjov-statuen som ruvar over Vangsnes.

Her tilbyr vi overnatting i motell og hytter. Vi har ein liten kiosk med sal av kioskvarer, kaffi, te og kald drikke. V i har kostnadsfri Wifi og parkering.

Alle rom har eigen balkong eller uteplass der ein kan nyta fine sommardagar og –kveldar. På romma er det kjøkkenkrok med kokeplate og enkelt kjøkkenutstyr, sittegruppe, kjøleskap og kaffitraktar og/eller vasskokar. Nokre av romma har eige bad. Romma har ulik storleik og tal sengeplassar varierar frå 4 til 6 per rom.

I underetasjen på motellet er det felles garderobar, toallett og dusjar for dei som ikkje har eige bad på romma. Her finn ein også eit kombinert vaskerom og kjøkken til bruk for gjestar. Ekstra vaskeutstyr til romma er også tilgjengelig her.

Om sommaren kan ein ta ein dukkert i symjebassenget. Dette er inkludert for buande gjestar, ikkje-buande gjestar er velkomne til å løysa billett og nytta bassenget. Bassenget held mellom 17 og 22 grader – dette er sola med på å avgjere.

Fiske og fotturar kan nytast i omgivnadane og er lett tilgjengeleg frå Solvang Ferietun

Ferja går frå Vangsnes til Hella og Dragsvik. Du kan køyre til Jostedalsbreen på 1 time, Bergen på 3 timar, Flåm på 2 timar og Voss på 1,5 timar. Elles er det mange flotte dagsturar tilgjengelig i nærleiken og aktivitetar og opplevingar for store og små – både på land og på fjorden – innanfor korte avstandar frå Vangsnes. Vi er meir enn gjerne behjelpelige med å komme med forslag, tips, råd og bestilling av billettar/turar for dykkar ferien i Sogn.

OM OSS

Eg, Mariann, er fødd i 1988 og oppvaksen i Balestrand – rett over fjorden for Vangsnes. Eg flytta til Sogndal for å gå på vidaregåande når eg var 15,5 år. Då eg var ferdig på vidaregåande flytta eg til Stavanger for å studere reiselivsleiing – etter fleire somrar med sommarjobb på Dragsvik Fjordhotell visste eg at det var innan reiseliv og turisme eg ville jobbe. Draumen var å få visa fram Sogn til flest mogeleg gjestar – det er jo trass alt den flottaste staden på jord. Eg fullførte ein bachelor, fann ut at eg hadde lyst å læra meir og fortsette med master i ”International Hotel and Toursim Management”. Då mastergraden var i boks jobba eg eit år på Viste Strandhotell på Randaberg utanfor Stavanger før turen gjekk til Voss og jobb på Fleischer’s Hotel.

Etter ein del år med hotelljobbing og ein draum som alltid hadde lagt i bakgrunnen om å driva noko eige og bu heima i Sogn – tok eg grep.

Eg kjøpte Solvang Ferietun våren 2017 og tok over 1. juni same året. Dei første gjestane kom to dagar etter overtakinga og sidan har det gått slag i slag. Første sesongen vart hektisk og fin. Læringskurva har vore bratt og veldig bra. Det er kjekt å læra nye ting, kjekt å ha noko å driva med og kjekt med gode tilbakemeldingar frå gjestar frå heile verda som trivs på i Sogn, på Vangsnes og på Solvang Ferietun. Når gjestane reiste utpå hausten ein gong kunne eg nytta tida til litt måling og fiksing på romma og klargjering til neste sesong.

I mai 2018 flytta kjærasten min, Tommie, frå Nederland til Vangsnes. Tommie er fødd i 1986 og har bakgrunn frå jobbar innan IT. Det er takka være han at vi no har ei fornuftig heimeside å vise fram til gjestane våre. Tommie jobbar litt og driv elles og lærer seg norsk. Han trives godt i Noreg foreløpig og tykkjer at fjella, fjorden og muligheitene her er flotte.

No er Solvang Ferietun vårt prosjekt og sommaren 2018 vart den første sommaren vi dreiv i lag. Denne sesongen har vore veldig travelt – mykje kan vi takka været for, men vi vel og å tru at det kan ha noko med den flotte utsikta, plassen og det kjekke vertskapet å gjera også. Gjestane som bur hjå oss er full av lovord som vi set pris på å høyra.

Sjølvsagt er det variasjon i tilbakemeldingane. Det er mykje som kan verta betre her – noko veit vi om, og noko er nytt når vi får tilbakemeldingar frå gjestane. Uansett set vi pris  på alle tilbakemeldingar – dei er med på å gi oss moglegheita til å verte betre og kunne tilby eit betre produkt for kvart år som går.

Det skal også nemnast at eg og vi har fått mykje god hjelp frå mine foreldre, Tommie si mor og familie og venar elles. Utan desse hadde det ikkje gått rundt og eg hadde aldri kjøpt dette utan den støtta eg har fått frå dei rundt meg.

Framtidige planar, tankar og idear er det mange av og vi gler oss til fortsettinga og til å finne ut kva framtida vil by på.